Stian

Stian Driveklepp frå Grytastranda på sunnmøre i Møre og Romsdal. Usedvanlig trivelig kar. Stikkord: Bestemt, oppfinnsom, utradisjonell, MacGyver, sparsom, ikkje distre men til tider gløymsk, energisk, tålmodig eller ikkje særlig tålmodig vist han vil ha ting gjort i en fei.

Gifta seg med Reidun, påska 2004, og vart båteiger oktober samme året. Stian og Reidun flytta inn i båten då den vart kjøpt og har bodd i den sidan.

Stian jobbar for Rolls-Royce Marine i Brattvåg, og har fått eit års permisjon for langturplanane. Kanskje der blir anledning for å ta på seg eit og anna oppdrag når vi er på tur. Plenty med båtar som treng overhaling eller en sjekk på vinsj motorane sine.

Når han ikkje er ute og reiser for rolls, so flyg Stian både høgt og lavt. Bokstavelig talt. Spring opp på fjellet og flyg ned igjen med paraglideren eller tek på seg dykkerdrakta og tar seg ein svømmetur. Stian er snar å skifte på Elia når han stinka og dreg han med seg overalt. I fjøra eller opp i mastra, men det Elia lika aller best er å mekke på og skrue på alt mulig rart ilag med Stian, spesielt på watermakeren!

Stian blir sjøsjuk. Men lysta etter en langtur på sjøen er større enn det å bli værande heime. So då blir det tur!

Du er besøkende nr: 259283
Besøkende siste døgn: 48